Om BTI Sogndal

Individnivå – einingsnivå – kommunenivå

Sogndal kommune er i ferd med å ta i bruk BTI-modellen i arbeidet med barn og unge som det er knyta uro/ undring/ bekymring til.

Gjennom BTI satsinga skal Sogndal kommune jobbe systematisk for at alle som arbeider med barn og unge har nødvendig kunnskap til å oppdage tidleg dei sårbare barna, og handle slik at både dei og familiane deira får hjelpa dei treng. Ein del familiar vil av ulike årsaker trenge langvarig oppfølging. Det er då viktig at dei ulike tenestene har eit tett og koordinert samarbeid med familiane og forstår heilheita av utfordringane familien opplever.

BTI-modellen skal sikre tidlig innsats, god informasjonsflyt, brukarmedverknad, dokumentasjon og samordning av tenester.

Modellen skal sikre at vi jobbar med rutinane i kommunen slik at alle tenestene kjenner til kvarandre. Då kan vi lettare tilby barn, unge og familiane deira rett hjelp til rett tid.

Individnivå

Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.

Gå til  BTI- rettleiar

Kva betyr det for oss som jobber med barn og unge?

Når barn møter på utfordringar i kvardagen skal vi:

Lytte til barnet. Barnet kjenner sjølv best kvar skoen trykkjer, og gir utrykk for det på sin måte.

Samarbeide med føresette om å finne gode løysingar.

Alle som jobbar med barn og unge er bevisst på at vi kan vere den eine som kan gjere den store forskjellen for eit barn eller ungdom som har det vanskeleg.

Vi skal våge å sjå, tørre å spørje og saman finne gode løysningar slik at barna får det bra heime, i barnehagen, på skulen og i fritida.

Utfordringar kan til dømes vere faglege, fysiske, sosiale eller kjenslemessige forhald. Det kan og vere utfordringar i samand med akutt, kronisk eller anna alvorleg sjukdom hjå føresette.

Gå til BTI- rettleiar

 

Film om Stian

Ein film om barn som fell utanfor:  0-24 samarbeidet

 

Einingsnivå

Kommunenivå