Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?
Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser.
Vi som arbeider med barn og unge i Sogndal kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst.
I vår kommune tek me alle bekymringar, små og store, som gjeld barn og unge like alvorleg.
Om det er eit barn i familien din, venekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha.
I kommunen jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom Betre tverrfagleg innsats- vår samhandlingsmodell i møte med barn og unge som sikrar oppfølging og løysing.
Her finn du informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barne eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp.
Her finne du BTI-rettleiaren som er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfeller der me er bekymra for barn, ungdom, familiar og gravide.
Du kan melde di bekymring til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesøster eller hendvend deg til kundetorget for ein kontaktperson over telefon.
Her finne du tenester i Sogndal kommune du kan kontakte .
Alarmtelefonen er ein gratis telefon for barn og unge som er utsett for vold, overgrep og omsorgssvikt. Alarmtelefonen er døgnåpen heile året og besvare også henvendingar på chat, e-post og sms. Vaksne som er bekymra for barn kan også ringe.
Gode råd til vaksne
Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.
Kva signal bør eg sjå etter?
Barn som igjennom utviklinga er utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte vere i «alarmberedskap» heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over. Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades.
Les meir om Uro for barn og unge.
Bekymringsmelding til barneverntenesta – privat melder
FORSKNING VISER at eit fellestrekk hos barn, som på tross av utfordringar i barndommen, er at dei har hatt eit bånd til minst éin trygg vaksen. Det er ikkje nødvendigvis til foreldre eller ein fagperson, men kanskje til ei tante, nabo, far til ein kamerat eller trenar.