Gå til hovedinnhald ( Trykk Enter )

-

Tiltak og tenester for barn, unge, familiar og gravide i kommunen

I samband med oppstart av BTI  arbeidet i Sogndal kommune, vart det utarbeida ein oversikt over tenestene og tiltak for barn, unge og familiar i Sogndal kommune. Med forbehald om det kan vere endringar som ikkje er kome med i denne oversikten.

Dei to dokumenta finne du her:

Tiltak for barn, unge, familiar i Sogndal kommune

Kommunale tenester for born, ungdom, familiar og gravide i Sogndal kommune

 

Under finne du kort informasjon om ulike tenester i Sogndal kommune og andre aktørar,  med vidare lenkje til nettsida til den enkelte teneste. 

Helsestasjonen driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Vi jobbar for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebyggje sjukdom og skade. Spesielt blir barnet si fysiske og psykososiale utvikling i samspel med omgivnadane vektlagt, og me vil gjerne vere ein stad der foreldre kan søkje råd og rettleiing i høve barnet si helse og utvikling.
Her er de som foreldre velkomne til å ta kontakt om de har spørsmål, problem eller utfordringar i kvardagen. Me legg stor vekt på samspel og tilknytning mellom foreldre og barn, og tidleg innsats.

Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Vi samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Vi har teieplikt, og ved samhandling må det føreliggje samtykke frå føresette.

Kontaktinformasjon:

Leiande helsejukepleiar:
Elin Henjesand Kvam
E-post elin.kvam@sogndal.kommune.no

Besøksadresse:
Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje)
Opningstid i ekspedisjonen:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 08 – 15
Timebestilling: tlf 57652770

Lenkje til helsestasjonen sine nettsider

Kontaktinformasjon
Leiande helsejukepleiar:
Elin Henjesand Kvam
E-post elin.kvam@sogndal.kommune.no

Besøksadresse:
Plassen 2
(Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje)

Opningstid i ekspedisjonen:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 08 – 15
Timebestilling: tlf 57652770

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar.
Tenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinar, samt tilbyr samtalar og rettleiing ved ulike behov. Skulehelsetenesta bidrar også med undervisning/helseopplysning i klasse eller gruppe i høve ulike tema.
Skulehelsetenesta har fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid, inkludert å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane. Det er eit lavterskel tilbod, der både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt ved behov.
Vi samarbeider med heim, skule og andre instansar som t.d. fastlege, fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT og barnevern i høve å identifisere og løyse helsemessige utfordringar knytt til elevane sin situasjon.

Teieplikt:
Helsesjukepleiar har teieplikt, og ved samhandling med andre må det føreliggje samtykke frå føresette og/eller eleven.

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg. Helsestasjon for ungdom – HFU – er eit gratis tilbod til ungdom under 25 år som bur i Sogndal.
Det vil alltid vera helsesjukepleiar og lege tilstades, i tillegg til psykolog eller psykisk helsearbeidar.
HUSK: me har teieplikt!
Døme på emne som du kan ta opp:
Spørsmål om kroppen
Hudproblem
Problem på skulen
Du kjenner deg trist og einsam
Parforhold
Seksualitet generelt
Homofili
Rus og rusmisbruk
Røyking
Graviditet
Menstruasjonen
Slanking og etevanskar
Psykiske vanskar
Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
Reseptar og anna behandling for helseproblem
Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
Prevensjonsrettleiing og prevensjon
Testing med tanke på kjønnssjukdomar
Graviditetstest

Sogn barnevern er ei interkommunal teneste for kommunane Sogndal og Luster. Barneverntenesta skal sikre born og unge naudsynt hjelp, omsorg og tryggje oppvekstvilkår om dei lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling.

Fast kontorvaktordning, tlf. 975 06 095

Konsultasjon: Ta kontakt dersom du ynskjer å drøfte sak, eller har spørsmål.

Lenkje til Sogn barnevern

 

Hovudoppgåva er å hjelpe barn, unge og familiar i ein krise- og akuttsituasjon, og der ein ikkje kan vente til neste virkedag med å etablere kontakt med den lokale barnevernstenesta.
Opningstid: Heile året, utanom ordinær kontortid. Ettermiddag, helg og høgtid.
Telefon: 40022988

Lenkje til Sogn barnevernsvakt

PP tenesta kan hjelpe med:
• Lærevanskar, t.d. lese/skrivevanskar og matematikkvanskar
• Språk- og kommunikasjonsvanskar
• Vanskar knytta til merksemd og konsentrasjon
• Psykososiale vanskar
• Synsvanskar
• Høyrevanskar
• Motoriske vanskar
• Mobbeproblematikk

Kontorstad:
Familiens hus, Dalavegen 2

Telefon: 45 87 97 26

Leiar: Anne Haugen Hov
E-post: postmottak.ppt@sogndal.kommune.no
Telefon: 415 29 285

Lenkje til PPT si nettside

 

Flyktningar med opphaldsløyve får vedtak om busetjing i kommune. Flyktningtenesta sitt ansvar er å fylgje opp politiske vedtak om busetting, samt mottak av familiesameinte flyktningar. Tenesta har ansvar for buseting og etablering i kommunen, samt koordinere deltaking i introduksjonsprogram. Tenesta har og eit ansvar for integrering av dei busette flyktningane.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar: Siri Irmelin Madsen
Tlf. 90 52 30 98
siri.irmelin.madsen@nav.no

Familiekoordinator: Irene Aa Jøssang
Tlf. 99 28 60 19
Irene.aa.jossang@nav.no

Kontorstad: Hovevegen 2, Kulturhuset i Sogndal

Opningstid: Kvar dag frå kl 11:30-14:00, utanom onsdag (stengd)

Lenkje til nettside flykningetenesta

Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod på førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.

Fysioterapeuten gjer ei vurdering/undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.

Fysioterapi kan føregå ute i skule, barnehage, institusjon eller heime dersom ein av ulike årsaker har vanskar med å oppsøka fysioterapeut.

Lenkje til meir informasjon om fysioterapitenesta

Ergoterapeutar arbeider med alle aldersgrupper for å fremje helse, førebygge sjukdom og bidra til at menneske får moglegheit til å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Kjernen i ergoterapi er kvardagslege aktivitetar i skule, arbeid, fritid og eigenomsorg.

Kven kan få tilbodet? Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag.

Ergoterapeutane bistår med:

  • Hjelpemiddelformidling; bistå brukar å søkje på og tilpasse hjelpemiddel til sitt behov innan rørsle, kognisjon, kommunikasjon, syn og høyrsel (gjeld ikkje høyreapparat)
  • Habilitering; innsats retta mot barn, unge og vaksne med medfødte eller tidleg erverva funksjonsnedsetting
  • Deltaking i ansvarsgrupper, tverrfagleg arbeid med andre tenester og koordinerande eining
  • Bustadrådgjeving
  • Uttale i bil- og bustadtilpassingsaker der det er behov for funksjonsvurdering

Kontaktinformasjon og meir informasjon om ergoterapitenesta finne du her

Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune.


Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing, kurs og gruppebaserte tilbod innafor:

  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Snus og røyk
  • Søvn

Sogndal: 

Synne Aafedt Liljedahl
Koordinator og helserådgjevar
Tlf: 95893641

Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).

Lenkje til nettside frisklivssentralen

 

Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til alle over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon og søvnvanskar. Hjå oss kan du få hjelp til å endra tankemønster og åtferd som skapar vanskar for deg i kvardagen.
Meir informasjon om rask psykisk helsehjelp
Psykisk helse- og rustenesta i Sogndal kommune gir tenester til deg som er over 18 år og som
  • treng oppfølging i samband med psykiske plagar eller lidingar
  • har utfordringar med rusmiddelbruk eller avhengigheit

Tenesta har både lågterskeltilbod og meir langvarige og omfattande tenester etter søknad.

Tenesta er gratis og det er ingen søknadsfrist. Ta kontakt når behovet er tilstades. Du treng ikkje henvisning frå lege for å få hjelp. Om ønskeleg kan legetenesta hjelpe til med å formidle kontakt.

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk og psykiske vanskar.

Psykisk helse- og rustenesta tilbyr blant anna

  • Individuelle samtalar
  • Støtte og hjelp i heimesituasjonen
  • Fysisk aktivitet
  • Hjelp til å styrke ditt sosiale nettverk

Dersom det er akutt behov for hjelp tek ein kontakt med legevakt eller eventuelt politi.

Lenkje til nettside psykisk helse og rus i Sogndal kommune

Bu og miljøtenesta har ansvar for tenester til menneske med ulike typar nedsatt funksjonsevne. Tenesta omfattar personeleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagte bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.

Lenkje til Bu og miljøtenesta i Sogndal kommune

 

Sogndal kommune skal ha eit lågterskeltilbod til kreftråka og deira pårørande. Kreftpasientar skal få god støtte frå kommunen.

Viss du opplever kreftsjukdom og treng bistand til noko eller berre ynskjer å ha nokon å snakke med, kan du ta kontakt med kreftkoordinator på tlf 99 28 62 29.

Lenkje til nettside kreftkoordinator

Tildelingskontoret søknader om

  • helse- og omsorgstenester i Sogndal kommune
  • omsorgsbustad
  • parkeringsløyve for forflytningshemma
  • følgjekort

Kontoret handsamar saker etter rutine for sakshandsaming. Det vil seia mottak av søknad, kartlegging, vurderingsbesøk og å fatta vedtak i tråd med lovverket.

Lenkje til tildelingskontoret si nettside

Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.

Koordinator kan ein ha rett på dersom ein treng koordinerte tenester over lang tid.

Individuell plan er eit reiskap til samarbeid mellom brukar og tenestene og bidreg til at alle jobbar etter dei same måla.

Lenkje til nettside koordinerande eining

 

 

Gratis utleige av diverse fritidsutstyr for alle aldra:

SognaBui Utstyrssentral

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. I utstyrssentralen er det gratis utleige av fritidsutstyr og utstyr til forskjellige idrettar og aktivitetar for barn og ungdom.

Barn og unges helseteneste

Verktøyet du finn her består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.

Lenkje til barn og unges helseteneste

Bustadkontoret i Sogndal handsamar søknad om kommunale bustader, bustøtte, startlån/ tilskot og gir rådgjeving ved behov.