-

Uro for barn og unge

Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.

Kanskje har me registrert slikt som at barnet/ungdomen

  • strir litt med lesinga og skrivinga
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få vener
  • vegrar seg for å eta
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)

Eller kanskje me ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:

  • i stor grad lar andre henta og levera i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • ofte luktar alkohol
  • verkar likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare

 

Du er første steg mot ei løysing

Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?

Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.

Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!

0-24 samarbeidet- ein film om barn som fell utanfor

Gode hjelpemiddel

BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei.

Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenestene direkte.

Sogn barnevern: 97 50 60 95

Sogn barnevernsvakt: 40 02 29 88  (heile året, utanom ordinær kontortid, ettermiddag, helg og høgtid).

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst også mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei nærmaste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn me trur opplever også å vera vitne til vald i familien. Somme har også en forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarer seg bra. Likevel er det somme som kan utvikla eigne problem. Dette er problem som kan melda seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna vert vaksne. Det å vera pårørande kan medverka til at barn opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Ingen kan med sikkerheit seia at eit barn vil utvikle egne problem, men me veit at det å vera pårørande kan føra til vanskar. Me veit også at dersom barn vert utsette for fleire belastningar samtidig, så aukar det sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

Det er ikkje alltid like enkelt å vita om eins eige barn er pårørande. Alle er me ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande:

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har de mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
  3. Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?

Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenka på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.

 

Les meir om barn som pårørande på:

Når barn vert pårørande

Veiledningssenter/pårørende-informasjon

Veiledningssenter

Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles.

Målet med rettleiaren er at den skal fungere som eit oppslagsverk der ein kan finne informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader.

Du kan lese rettleiaren her

I arbeid med 9A-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.