-

Om BTI

Betre tverrfaglig innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Tidleg innsats handlar om å førebyggja meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgja dei opp. Tiltaka som vert sette i verk har fokus på å styrka beskyttande faktorar og redusera risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.

Samordna tenester handlar om å betra samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. helseteneste, PPT og barnevern) i fellesskap skal hjelpa barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til å styrka samhandlinga mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.

Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vera ein del av løysinga på eit problem. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvera kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.

Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektera det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge.

I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.

Vanskar knytte til fysisk og psykisk skulemiljø (§ 9A-saker)

I arbeid med 9A-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.

BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.

Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Nivå 0: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa

Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste

Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester

Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinera den tverrfaglege samhandlinga og dokumentera arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.

Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.

Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane me kan og bør nytta i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der me oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Me snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis me samtalar med barn og unge til mal for korleis me kallar inn og gjennomfører møte.

Kompetansen

Ein føresetnad for at me kan bruka BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Me snakkar då om to typar kompetanse:

Kompetanse til å forstå og bruka samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.

Kompetanse til å utføra oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at me må ha evner til å oppdaga barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og me må vera i stand til å gjera oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.