-

Tverrfaglege drøftings- og samarbeidsarenaer kring barn, unge, familiar og gravide i Sogndal kommune


Her er ei oversikt over kommunens formaliserte samarbeidsarenaer for tverrfagleg drøfting og samarbeid i enkeltsaker.

Denne oversikten skal vere til hjelp for tilsette, føresette og ungdomen sjølv til å sjå kvar det er mogleg å drøfte problemstillingar kring barn og unge ein er uroa for.

Terskelen for samhandling skal vere låg, og i enkeltsaker er føresette sitt samtykke hovudregelen.

Eit samarbeidsmøte kring eit barn er eit møte for å drøfte undring/ bekymring og utfordringar knytt til barnet si utvikling og helse, der ein eller fleire tenester deltek med sin kompetanse.

Samtykke frå føresette er ein forutsetnad for at ulike tenester kan utveksle informasjon om barn og unge.

Stafetthaldar kallar inn til møta etter avtale med føresette. I dei aller fleste høve vil det vere naturleg at føresette og barn og unge deltek (barn og unge deltek etter kva som vert vurdert som det beste for barnet. Barnet si stemme inn i møte er viktig, men kan og sikrast på andre måtar dersom ikkje barnet deltek fysisk på møte).

Unntaksvis har samarbeidspartane møte utan føresette deltek. Då skal dette avklarast med dei det gjeld på førehand. Føremålet med eit slikt møte vil ofte vere å avklare kva tenester som skal inn i samarbeidet og avklare ansvarsforhold.

Vaksentenestene, til dømes  fastlege, psykisk helsevern og Nav kan vere aktuelle samarbeidspartar i situasjonar der føresette si helse eller livssituasjon påverkar oppvekstvilkåra til barnet. Desse tenestene kan også på si side kan initiativ til møte med tenester som har ansvar for barnet sin kvardag.

Vi nyttar samahandlingsverktøyet  Visma Flyt Samspill (stafettlogg) i det  tverrfaglege samarbeidet. 

 

 

Ved behov for samansette koordinerte tenester over tid, skal barnet få tildelt ein personleg koordinator som hjelper barnet og føresette å leie det tverrfaglege samarbeidet.

Barnet har også rett på ein individuell plan der en skapar ein oversikt over ressursar, behov, tiltak og ansvarsdeling.

For barn og unge som treng støtte frå fleire tenster over tid, vert det etablert ei ansvarsgruppe. Her deltek førsette, barnehage/ skule og andre involverte hjelpetenester.

Det tverrfaglege samarbeidet skal dokumenterast i det digitale samahandlingsverktøyet  Visma Flyt Samspill.

Koordinator har ansvaret for å opprette dette samahandlingsverktøyet som skal sikre dokumentasjon av samhandlinga, samt lette kommunikasjonen mellom dei involverte i ansvarsgruppa.

Føresette avgjer kven som skal vere deltakarar i ansvarsgruppa.

Sjå rutinar for dette: Koordinerande eining og Individuell plan

Her finne du meir informasjon om koordinerande eining i Sogndal kommune

Ressursteam er eit team i barnehagen og skule som består av leiing/administrasjon og andre ressurspersonar i barnehage og skule.

Ressursteam er eit møte der tilsette i skule og barnehage kan melde inn barn/ ungdom det er knytta bekymring til.

Som ein hovedregel må stafetthaldar (eller den som er nærast barnet) be om samtykke frå føresette til å dele informasjon før drøfting i ressursteam.

Ressursteam vert haldne regelmessig på skule og barnehage med ein hyppigheit som samsvarar på størrelsen på eininga.

Utvida ressursteam er når helsesjukepleiar og kontaktperson v/ PPT er med i møtet (møteplan på kvar eining).

Andre einingar kan kallast inn ved behov.

Teamet er eit tverrfagleg konsultasjons- og rettleiingsteam som kan nyttast av skule, barnehage og andre kommunale tenester.

Teamet skal bidra til å sikre tidleg og rett hjelp til barn og familiar som treng det.

BTI-teamet er sett saman av fagfolk med ulik fagkompetanse, som skal sjå barnet og familien sitt totale behov.

Nytt frå hausten 2022 er at vi har fått med oss BUP Sogndal. Dei vert med på den første rettleiinga (tida 08.15-09.00) på dei aktuelle datoane. Det er derfor viktig at du/de melde inn dersom det er behov for at BUP er med på rettleiinga. Meir informasjon finne du her

Gjeld saka spørsmål kring trygt og godt barnehage eller skulemiljø? Mobbing? Treng du hjelp frå det kommunale innsats teamet for trygt og godt barnehage og læringsmiljø? Gå vidare her