-

Kommunalt innsatsteam for trygt og godt barnehage og skulemiljø

Innsatsteamet for trygt og godt barnehage og skulemiljø er Sogndal sitt kommunale tverrfaglege team som skal hjelpa offentlege, private barnehagar og skular i deira arbeid med komplekse og alvorlege saker som involverer barn og elevar. 

Teamet er ikkje eit førebyggjande tiltak. Det er ein innsats som blir aktivert når  barnehage og skule treng bistand til å gje borna eit trygt og godt barnehage-/skulemiljø eller at det er vurdert behov for tiltak som ligg utanfor mynde til barnehagen eller skulen. Teamet skal sikre framdrift i saka. 

Det er barnehagane og skulane som har ansvar for å oppfylle aktivitetsplikta. Teamet  skal ikkje erstatta skulane og barnehagane sitt kontinuerlege arbeid med trygt og godt. barnehage-/skulemiljø

Teamet kan vera ei viktig hjelp for barnehagane og skulane når dei skal fastsetja tiltak i ein aktivitetsplan. 

 Teamet består av personar med ulik fagbakgrunn og kan kontaktast av born og ungdom, føresette, skular og barnehagar i alvorlege og komplekse saker.

Les meir om teamet sin funksjon på Utdanningsdirektoratet si nettside.

Når saker blir melde inn, har dei ofte gått føre seg ei stund og tid er derfor viktig. Frå ei sak blir meldt til tiltak blir sett i verk, skal det ikkje gå meir enn éi veke!

Kjell Ertesvåg, leiar barnehage
Frode Kristian Grøttebø, leiar skule
Kenth Rune Teigen Måren, Kommunalsjef oppvekst

Anne Haugen Hov, leiar Sogn PPT,
Elin Henjesand Kvam, leiar helsestasjonen

Teamet nyttar andre fagressursar ved behov