-

Tiltak

Oversikt over aktuelle tiltak knytt til satsingsområda

  • Førebygge vald og seksuelle overgrep
  • Støtte til føresette
  • Motverke utanforskap

Tilbodet er eit lågterskeltiltak knytt opp mot foreldre og familiar med landebyte, der tiltaka rettar seg opp mot informasjon og rettleiing i foreldrerolla i ein norsk kontekst for å skape trygge foreldre som kan gje barna ein god oppvekst og dermed fremje integrering. Tilbod om lågterskeltiltak har i det aller vesentlegaste ei endringsfokusert tilnærming, der fokuset er å styrke foreldrerolla gjennom International Child Development Programme (ICDP). Rettleiinga kan bli gitt individuelt eller i gruppe.

Ta gjerne kontakt med tiltakskonsulentane dersom du ynskjer nærare informasjon, eller har spørsmål:

Marius Midtun Aaberge, telefon 99 28 61 63

Kine Øvstetun, telefon 90 73 80 06

Samtalen skal klargjere korleis elev, skule og føresette skal samarbeide om læring og utvikling til eleven. Eleven er med på ein av samtalane med føresette. Når eleven er fylt 12 år, har hen rett til å vere med i samtalen.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Skule

Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til psykisk helse.

Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Barnehage- skule- PPT

Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til lærevanskar.

Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Barnehage- skule- PPT

Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Barnehage skule PPT BUP

Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til krenking og mobbing.

Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.

Dette er eit psykisk helsetilbod til born og unge 0-20 år, inkludert foreldre. Du kan få hjelp til førebygging av psykiske vanskar, byrjande rusproblematikk og oppfølging ved belastande livshendingar.

Tilbodet er gratis, frivillig og ein treng ikkje tilvising. Alle tilsette har teieplikt. Tenesta kan kontaktast på telefon, via kontaktskjema (krev innlogging med bank-ID/minID), eller via andre tilsette som barn allereie er i kontakt med.

Støttetilbod
Samtalar/behandling av barn og ungdom som slit med bekymringar, sinne, uro, tristheit, vonde tankar og liknende. Samtalane kan gjennomførast åleine med barnet/ungdommen eller saman med foreldre/familie.
Samtaler og rettleiing til foreldre om foreldrerolla og utfordringane som barnet/ungdommen strevar med
Samarbeid, konsultasjonar og opplæring til andre tilsette om saker eller tema rundt psykisk helse
Hjelp til å finne fram til andre hjelpe-instansar ved behov
Ulike gruppetilbod for barn, ungdom og foreldre (tilboda vi bli iverksett ved behov)
Me har eit tett samarbeid med barnehagar, skular, PPT, helsesjukepleiarar, jordmortenesta, fysio og ergo-terapi, barnevern, BUP og fastlegar

Kontakt
Telefon: 48030854 (Dersom du ikkje får svar, ringer me attende innan 2 arbeidsdagar)
Kontaktskjema: Psykisk helsetilbod for barn og unge – Kontaktskjema (4640)

Du kan også sende e-post til ein av oss tilsette:

Anne Brit Lauvsnes, prosjektleiar
Tlf: 90 16 32 23
E-post: anne.brit.lauvsnes@sogndal.kommune.no

Kine Øvstetun, familierettleiar
Tlf: 90 73 80 06
E-post: kine.ovstetun@sogndal.kommune.no

Marius Aaberge
Tlf: 90 13 71 09
E-post: Marius.Midtun.Aaberge@sogndal.kommune.no

Gaute Selbakk Flygel, utekontakt
Tlf: 47 67 02 96
E-post: Gaute.Sebakk.Flygel@sogndal.kommune.no

May Britt Sva, utekontakt
Tlf: 99 28 61 46
E-post: May.Britt.Sva@sogndal.kommune.no

Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Barnehage skule PPT Rettleiingstenesta

Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Barnehage skule PPT Rettleiingstenesta

Skulemiljøet skal vera trygt: elevane skal ikkje komme til skade og skal føle at skulen er ein trygg stad å vera.

Skulemiljøet skal vera godt.

Nøyaktig og reell føring av faktisk fråvær frå skule, uansett årsak, er eit av det viktigaste tiltaka og verkemiddelet vi har for tidleg innsats knytt til skulefråvær.

Rett fråværsføring gir skule og føresette høve til å oppdage mønster og uro frå første fråværsdag, og såleis raskt kunne finne dei rette tiltaka / tilpassingane til kvar enkelt elev.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Skule

Ungdomskjellar to ganger i veka i Sogndal
Ungdomsklubb ein gong i veka på Leikanger
Ungdomsklubb ein gong i veka i Balestrand

Ansvar: Ungdomsavdelinga

klkj

Kulturskulen i Sogn tilbyr undervisning i skapande skriving, visuelle kunstfag, musikk, lydteknikk med meir.

Kulturskulen i Sogn har som mål å tilby undervisning av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Elevane våre skal få lære, oppleve, skape og formidle kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.

Les meir om dei ulike undervisningstilboda på kommunen si heimeside.

Kva tenester tilbyr tiltaket?

Sogndal kommune ønskjer å forsterke arbeidet med inkludering av barn og unge i fritidsaktivitetar. Prosjektet «koordinering fritidsaktivitetar» har som mål å fjerne barrierar for deltaking gjennom effektiv koordinering og samarbeid mellom kommunale tenester og frivillige/private aktørar. Fritidskoordinator vil arbeide på systemnivå for å forhindre utanforskap og inkludere flest mogleg barn og unge i fritidsaktivitetar i kommunen.

Fritidskoordinatoren vil delta i fleire tverrfagleg team i kommunen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Koordinere samarbeidet mellom kommunen og eksterne aktørar

Legge til rette for auka deltaking i fritidsaktivitetar

Organisere og vidareutvikle samarbeidsformer internt i kommunen og med andre aktørar

Utarbeide handlingsplanar og oversikter over fritidsaktivitetar

Sikre god informasjonsutveksling og fjerne barrierar for deltaking

Leggje til rette for medverknad frå barn og unge

Oppstart frå hausten 2025. Meir informasjon kjem

Utekontakten jobbar førebyggande og oppsøkande med ungdom i alderen 13 til 24 år. Det er eit lågterskel tilbod som er tilgjengeleg også utanfor ordinær arbeidstid.

Me jobbar oppsøkende ute på stader der ungdom oppheld seg, er tydleg merka med klede som gjer oss enkle å identifisere.

Utekontakten er eit nyoppretta tilbod som er under utvikling i Sogndal kommune.

Sogndal kommune har ei transportordning for ungdom som bur i Sogndal kommune.

LTU – Lokaltransport for ungdom skal gje ungdom mellom 13 og 19 år høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement. Er nokon i reisefølgje over 19 år, må desse betale full pris. Sogndal ungdomsråd har saman med Sogndal kommune fått midlar frå Vestland fylkeskommune til ordninga. Ordninga er ope så lenge det er midlar tilgjengeleg. For oppdatert informasjon følg med på Sogndal kommune si nettside under «Oppvekst og utdanning» – «Ungdom».  

Viktig informasjon

Eigenandel er 50 kroner per person kvar veg
Tilbodet gjeld for ungdom 13–19 år
Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ein nytte dette
Arrangement eller aktivitet skal vere rusfritt
Minimum tal passasjerar er 2 stk.
Gjeld alle dagar i veka
Tilbodet kan nyttast i Sogndal kommune og reiser til/frå nabokommunar 

Korleis fungerer det?

Ring den sentralen som er nærast deg
Sei at du vil nytte transport for ungdom-ordninga
Gje namn, alder, tal passasjerar, adresse og reiserute
Betal eigenandel på 50 kroner per person for reisa

Kontaktinformasjon taxi 

Sogndal Taxisentral
Tlf.: 57671000

Leikanger Taxisentral 
Tlf.: 57653123

Balestrand Taxi 
Tlf.: 95956113

For spørsmål ta kontakt med Jarle Teo Andersen, rådgivar oppvekst og sekretær for ungdomsrådet i Sogndal kommune. 

E-post: jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no 

I Sogndal kommune har vi tre utstyrssentralar med gratis utleige av diverse fritidsutstyr for alle aldrar. Du finn desse i Sogndal, Balestrand og på Leikanger.

https://leikanger.frivilligsentral.no/dokument?lf-systrondsbui-utstyrssentral&Id=77819

Leikanger frivilligsentral – LF RiverDal møteplass

Ein triveleg møteplass hjå Leikanger Frivilligsentral

LF RiverDal er lokalet for å møtast i ulike samanhengar. Me har mellom anna ordna til med koselege kafebord, levande peisbilde, kaffitraktar, vannkokar, vatn, twist og ulike brettspel som td. sjakk.

Me kan justere musikk/lyd og belysning etter type aktivitet, og her er kjøpt inn låsbare skåp, slik at faste grupper kan få låse inn eige utstyr til aktivitetane sine frå gang til gang.

På dagtid opnar me for treff for ulike grupper som ynskjer det. Det kan vere skravlekroken kaffitreff, seniortreff eller småbarnstreff. På kveldane har ulike lag, organisasjonar og frivillige høve til å låne lokalet for aktivitetstilbod til bygda. Her kan ein på strikkekafe, drive med hobby, sjå ein film, spele brettspel, og mykje meir. Me vonar også å få til play stations-turneringar etter kvart med born og unge.

Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov for sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Tilbodet er for barn og vaksne som har behov for å få hjelp til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Støttekontakt/fritidskontakt er ein person som kan hjelpe deg gjennom sosialt samvær eller følge deg til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå turar, gå på kafe, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt etter dine ønsker. Les meir om tilbodet og korleis du søker på kommunen si heimeside.

Kva teneste tilbyr tiltaket?

Tildelingskontoret

Bidra til å skape meistring, trivsel og skulemotivasjon for dei i alderen 10–19 år. Målet er å førebyggje fråvær og hjelpe fleire med å fullføre skuleløpet sitt.

Stillinga høyrer til i den nye kommunale psykiske helsetenesta for barn og unge (Barne-, ungdoms- og familiestøtte). Tenesta er eit tverrfagleg lågterskeltilbod som gjev tidleg hjelp og oppfølging. Jobbe saman med psykologar, familierettleiarar, lærarar, utekontakt og andre fagpersonar.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere å:

Følgje opp barn og ungdom gjennom motiverande samtalar og praktisk støtte

Bidra til styrkt skuletilknyting og deltaking i fritidstilbod

Vere til stades på viktige arenaer som skule, heim og fritid

Samarbeide med foreldre og andre omsorgspersonar

Hjelpe ungdom i kontakt med relevante hjelpetenester


Oppstart hausten 2025. Meir informasjon kjem.

Rocket-Man er eit inkluderingsprosjekt for ungdom mellom 13–18 år som står i fare for å falle utanfor. Gjennom aktivitetar, meistringsopplevingar og støttande relasjonar skal vi styrke ungdom i kvardagen. Kvar deltakar får ein eigen aktivitetsguide – ein slags storebror eller storesøster – som heiar, støttar og følgjer opp.

Ei nøkkelrolle i å byggje, drifte og vidareutvikle Rocket-Man i Sogndal. Rekruttere og følgje opp aktivitetsguidar, vere ein trygg leiar, og bidra til å skape gode aktivitetar i lag med ungdom.

Oppstart hausten 2025. Meir informasjon kjem.