-

Kommunalt innsatsteam for trygt og godt barnehage og skulemiljø

Innsatsteamet for trygt og godt barnehage og skulemiljø er Sogndal sitt kommunale tverrfaglege team som skal hjelpa offentlege, private barnehagar og skular i deira arbeid med komplekse og alvorlege saker som involverer barn og elevar. Teamet er ikkje eit førebyggjande tiltak, det er ein innsats som blir aktivert når noko har vorte alvorleg, og barnehage og skulen sjølv ikkje maktar å løyse problemet.

Teamet skal hjelpa barnehagar og skular i situasjonar der barn, elevar og foreldre opplever at dei ikkje får den hjelpa og støtte dei treng eller har rett til av barnehagen eller skulen. Eller situasjonar der elevar, barn foreldre, barnehagar og skular opplever at løysinga på problematikken ligg utanfor styresmakta til barnehagen eller skulen.

Innsatsteamet sitt arbeid skal sjåast i samanheng med aktivitetsplikta og skal ikkje erstatta det førebyggjande arbeidet og arbeidet til barnehagen og skulen med å stoppa mobbing.

Det er barnehagen og skulen sjølv som har ansvaret for å oppfylla aktivitetsplikta og laga aktivitetsplanar. Beredskapsteamet kan vera ei viktig hjelp for barnehagane og skulane når dei skal fastsetja tiltak i ein aktivitetsplan.

Innsatsteamet er meint å vere eit tiltak med legitimitet, ryggdekning og handlingsrom til å setje ein stoppar for alvorlege og kompliserte saker.

Innsatsteamet består av fagpersonar som er klare til å gå inn og hjelpe til i alvorlege og komplekse saker, der dei vanlege rutinane til skulen ikkje strekk til eller der elevar og føresette opplever at dei ikkje når fram til barnehagen og skulen.

Teamet har ansvar for å hjelpe skule og barnehage i å løyse saka. Teamet skal ikkje overta saker frå barnehagane og skulane. Barnehagen og skulen eig saka, og innsatsteamet skal derfor ikkje overta ansvaret for saka.

Når saker blir melde inn, har dei ofte gått føre seg ei stund og tid er derfor viktig. Frå ei sak blir meldt til tiltak blir sett i verk, skal det ikkje gå meir enn éi veke!

Ta kontakt med:

Leiar barnehage: Kjell Ertesvåg

Leiar skule​​​​​​​ : Frode Kristian Grøttebø

Rådgivar oppvekst, barn og unge: Randi Midtgård (administrator)