Frå 01.08.2024
Det er leiarane som har ansvar for arbeidet med BTI i sine sektorar og sine tenester. Leiar har og ansvar for opplæring av nytilsette.
Leiarane har ansvaret for kompetanse og opplæringa til tilsette
I Sogndal kommune sitt kvalitetssystem vil du finne alle dokumenta knytt til BTI arbeidet, ansvarsområder, roller og prosedyrer.
For å kunne samarbeide bedre med utsette barn og føresette- og med andre tenester, er det viktig med ein felles grunnleggjande kompetanse.
Leiaren din skal sikre at du har kunnskap og kompetanse om:
I Sogndal kommune skal alle tilsette i kommunen skal ha kunnskap og kompetanse om:
- Kvifor er Sogndal kommune oppteken av Betre tverrfagleg innsats (BTI)- og kva er BTI modellen?
- Tiltak og tenester for barn og unge, føresette og gravide i Sogndal kommune. Kjenne til dei ulike tenestene i Sogndal kommune
- Handlingsrettleiar og tilhøyrande verktøy
- Kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar/teikn og signal
- Å snakke med barn, ungdom, føresette om det som er vanskeleg
- Teieplikt, samtykke og samhandling
- Ha kunnskap om stafettlogg og kjenne rolla som stafetthaldar og det som har betydning for gode prosessar i arbeidet (medvirkning)
- Du skal kjenne til rutinene til ressursteam på di eining, og det kommunale BTI-team
- Kjenne til meldeplikt, opplysningsplikt og avvergings plikten, og rutinene på di ening knytt til dette