-

Ressursteam

Ressursteam er eit team i barnehagen og skule som består av leiing/administrasjon og andre ressurspersonar i barnehage og skule.

Til ressursteam kan tilsette i barnehage og skule melde inn barn/ ungdom det er knytta ei bekymring til.

Som ein hovedregel må stafetthaldar (eller den som er nærast barnet) be om samtykke frå føresette til å dele informasjon før drøfting i ressursteam.

Ressursteam vert haldne regelmessig på skule og barnehage med ein hyppigheit som samsvarar på størrelsen på eininga.

Utvida ressursteam er når helsesjukepleiar, kontaktperson frå Sogn PPT og kontaktperson frå Sogn Barnevern er med i møtet (det vert utarbeida møteplan for kvar eining ved oppstart av nytt barnehage- og skuleår).