Ein opprettar stafettlogg når ein tilsett og foreldre er blitt merksam på barnet, diskutert uroa/bekymringa og ein bestemmer seg for å sette inn tiltak/ innsats rundt barnet
I dette strukturerte samarbeidet vert det utpeika ein stafettholdar. Dette for å sikre at barn, unge, gravide og føresette veit kven dei skal kontakte når dei vert fulgt opp av ein eller fleire einingar. Stafettloggen utarbeidast alltid i samarbeid med føresette og barnet/ den unge.
Tiltaka knytast til utviklingsområde der barnet (gravide) kan ha nytte av ekstra støtte i ein periode eller over tid.
Medverknad er viktig i alle deler av prosessen
Det vert skrive inn tiltak både som gjeld barnehage/skule, heim, tenester og fritid.
Når vi samarbeidar med andre tenester, vert dei og inkludert i arbeidet med mål og tiltak.
Kven er stafetthaldar?
Det er primært ynskjeleg å ha ein stafetthaldar som er nær barnet og den gravide i kvardagen, til dømes jordmor, kontaktlærer, miljøterapeut, pedagog i barnehagen, sosiallærer og nokre gonger helsesjukepleiar.
Ved endringar i utfordringsbilete og overgang til eit nytt nivå i BTI-modellen, skal det i samråd med dei det gjeld avklarast kven som skal vere stafetthaldar videre.
Stafettholdar heldt i stafettpinnen til den er akseptert og motteke av ein ny stafettholdar eller ein avsluttar det konkrete samarbeidet ved måloppnåing.
Når avsluttar ein stafettlogg?
Stafettloggen sluttar når de som foreldre saman med øvrige samarbeidsparter ser at barnet trivs og tiltaka har gitt ønska effekt. Foreldre kan til ei kvar tid avslutte loggen.