Oversikt over aktuelle tiltak knytt til satsingsområda
- Førebygge vald og seksuelle overgrep
- Støtte til føresette
- Motverke utanforskap
Tilbodet er eit lågterskeltiltak knytt opp mot foreldre og familiar med landebyte, der tiltaka rettar seg opp mot informasjon og rettleiing i foreldrerolla i ein norsk kontekst for å skape trygge foreldre som kan gje barna ein god oppvekst og dermed fremje integrering. Tilbod om lågterskeltiltak har i det aller vesentlegaste ei endringsfokusert tilnærming, der fokuset er å styrke foreldrerolla gjennom International Child Development Programme (ICDP). Rettleiinga kan bli gitt individuelt eller i gruppe.
Ta gjerne kontakt med tiltakskonsulentane dersom du ynskjer nærare informasjon, eller har spørsmål:
Marius Midtun Aaberge, telefon 99 28 61 63
Kine Øvstetun, telefon 90 73 80 06
Samtalen skal klargjere korleis elev, skule og føresette skal samarbeide om læring og utvikling til eleven. Eleven er med på ein av samtalane med føresette. Når eleven er fylt 12 år, har hen rett til å vere med i samtalen.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Skule
Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til psykisk helse.
Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Barnehage- skule- PPT
Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til lærevanskar.
Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Barnehage- skule- PPT
Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Barnehage skule PPT BUP
Samtale for å gje råd og rettleiing ved uro knytt til krenking og mobbing.
Opplyse om tilbod og innsats i eiga kommune. Avklare vidare behov for innsats og kople på rett teneste.
Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Barnehage skule PPT Rettleiingstenesta
Utforske og avklare kva som er barnets behov, mål og ynskjer for vidare innsats.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Barnehage skule PPT Rettleiingstenesta
Skulemiljøet skal vera trygt: elevane skal ikkje komme til skade og skal føle at skulen er ein trygg stad å vera.
Skulemiljøet skal vera godt.
Nøyaktig og reell føring av faktisk fråvær frå skule, uansett årsak, er eit av det viktigaste tiltaka og verkemiddelet vi har for tidleg innsats knytt til skulefråvær.
Rett fråværsføring gir skule og føresette høve til å oppdage mønster og uro frå første fråværsdag, og såleis raskt kunne finne dei rette tiltaka / tilpassingane til kvar enkelt elev.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Skule
Ungdomskjellar to ganger i veka i Sogndal
Ungdomsklubb ein gong i veka på Leikanger
Ungdomsklubb ein gong i veka i Balestrand
Ansvar: Ungdomsavdelinga
klkj
Kulturskulen i Sogn tilbyr undervisning i skapande skriving, visuelle kunstfag, musikk, lydteknikk med meir.
Kulturskulen i Sogn har som mål å tilby undervisning av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Elevane våre skal få lære, oppleve, skape og formidle kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.
Les meir om dei ulike undervisningstilboda på kommunen si heimeside.
Kva tenester tilbyr tiltaket?
Utekontakten jobbar førebyggande og oppsøkande med ungdom i alderen 13 til 24 år. Det er eit lågterskel tilbod som er tilgjengeleg også utanfor ordinær arbeidstid.
Me jobbar oppsøkende ute på stader der ungdom oppheld seg, er tydleg merka med klede som gjer oss enkle å identifisere.
Utekontakten er eit nyoppretta tilbod som er under utvikling i Sogndal kommune.
Sogndal kommune har ei transportordning for ungdom som bur i Sogndal kommune.
LTU – Lokaltransport for ungdom skal gje ungdom mellom 13 og 19 år høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement. Er nokon i reisefølgje over 19 år, må desse betale full pris. Sogndal ungdomsråd har saman med Sogndal kommune fått midlar frå Vestland fylkeskommune til ordninga. Ordninga er ope så lenge det er midlar tilgjengeleg. For oppdatert informasjon følg med på Sogndal kommune si nettside under «Oppvekst og utdanning» – «Ungdom».
Viktig informasjon
Eigenandel er 50 kroner per person kvar veg
Tilbodet gjeld for ungdom 13–19 år
Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ein nytte dette
Arrangement eller aktivitet skal vere rusfritt
Minimum tal passasjerar er 2 stk.
Gjeld alle dagar i veka
Tilbodet kan nyttast i Sogndal kommune og reiser til/frå nabokommunar
Korleis fungerer det?
Ring den sentralen som er nærast deg
Sei at du vil nytte transport for ungdom-ordninga
Gje namn, alder, tal passasjerar, adresse og reiserute
Betal eigenandel på 50 kroner per person for reisa
Kontaktinformasjon taxi
Sogndal Taxisentral
Tlf.: 57671000
Leikanger Taxisentral
Tlf.: 57653123
Balestrand Taxi
Tlf.: 95956113
For spørsmål ta kontakt med Jarle Teo Andersen, rådgivar oppvekst og sekretær for ungdomsrådet i Sogndal kommune.
E-post: jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no
I Sogndal kommune har vi tre utstyrssentralar med gratis utleige av diverse fritidsutstyr for alle aldrar. Du finn desse i Sogndal, Balestrand og på Leikanger.
https://leikanger.frivilligsentral.no/dokument?lf-systrondsbui-utstyrssentral&Id=77819
Leikanger frivilligsentral – LF RiverDal møteplass
Ein triveleg møteplass hjå Leikanger Frivilligsentral
LF RiverDal er lokalet for å møtast i ulike samanhengar. Me har mellom anna ordna til med koselege kafebord, levande peisbilde, kaffitraktar, vannkokar, vatn, twist og ulike brettspel som td. sjakk.
Me kan justere musikk/lyd og belysning etter type aktivitet, og her er kjøpt inn låsbare skåp, slik at faste grupper kan få låse inn eige utstyr til aktivitetane sine frå gang til gang.
På dagtid opnar me for treff for ulike grupper som ynskjer det. Det kan vere skravlekroken kaffitreff, seniortreff eller småbarnstreff. På kveldane har ulike lag, organisasjonar og frivillige høve til å låne lokalet for aktivitetstilbod til bygda. Her kan ein på strikkekafe, drive med hobby, sjå ein film, spele brettspel, og mykje meir. Me vonar også å få til play stations-turneringar etter kvart med born og unge.
Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov for sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.
Tilbodet er for barn og vaksne som har behov for å få hjelp til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Støttekontakt/fritidskontakt er ein person som kan hjelpe deg gjennom sosialt samvær eller følge deg til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå turar, gå på kafe, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt etter dine ønsker. Les meir om tilbodet og korleis du søker på kommunen si heimeside.
Kva teneste tilbyr tiltaket?
Tildelingskontoret
Gjennom tilskotsordninga “Inkludering av barn og unge 2025” har Sogndal kommune fått innvilga tilskot til ungdomslos.
Målet med ungdomslos arbeidet er å hjelpe ungdom som har utfordringar med å fullføre skuleløpet med å auke skulenærvær, betre skuleprestasjoner og fullføre skuleløpet.
Ungdomslosen skal gi ungdom tett og tilrettelagd oppfølging, hjelpa ungdommen i kontakt med nødvendige hjelpetenester og bidra til at hjelpa som blir gitt i skulen og av andre aktørar er heilskapleg og tilrettelagd. Ungdomslosen skal ved behov også samarbeida med føresette og andre viktige personar i nettverket til ungdommen.
Ungdomslosen vil bli organisert i samband med psykisk helseteam for barn og unge.
Ansvar: psykisk helseteam for barn og unge, skular, helsestasjon, oppvekst
Status: Prosjektoppstart våren 2025. Prosjektperiode 2025-2027.