- Individuelle samtalar
- Støtte og hjelp i heimesituasjonen
- Fysisk aktivitet
- Hjelp til å styrke ditt sosiale nettverk
Dersom det er akutt behov for hjelp tek ein kontakt med legevakt eller eventuelt politi.
Helsestasjonen driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Vi jobbar for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebyggje sjukdom og skade. Spesielt blir barnet si fysiske og psykososiale utvikling i samspel med omgivnadane vektlagt, og me vil gjerne vere ein stad der foreldre kan søkje råd og rettleiing i høve barnet si helse og utvikling.
Her er de som foreldre velkomne til å ta kontakt om de har spørsmål, problem eller utfordringar i kvardagen. Me legg stor vekt på samspel og tilknytning mellom foreldre og barn, og tidleg innsats.
Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Vi samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.
Vi har teieplikt, og ved samhandling må det føreliggje samtykke frå føresette.
Kontaktinformasjon:
Leiande helsejukepleiar:
Elin Henjesand Kvam
E-post elin.kvam@sogndal.kommune.no
Besøksadresse:
Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje)
Opningstid i ekspedisjonen:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 08 – 15
Timebestilling: tlf 57652770
Kontaktinformasjon
Leiande helsejukepleiar:
Elin Henjesand Kvam
E-post elin.kvam@sogndal.kommune.no
Besøksadresse:
Plassen 2
(Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje)
Opningstid i ekspedisjonen:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 08 – 15
Timebestilling: tlf 57652770
Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar.
Tenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinar, samt tilbyr samtalar og rettleiing ved ulike behov. Skulehelsetenesta bidrar også med undervisning/helseopplysning i klasse eller gruppe i høve ulike tema.
Skulehelsetenesta har fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid, inkludert å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane. Det er eit lavterskel tilbod, der både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt ved behov.
Vi samarbeider med heim, skule og andre instansar som t.d. fastlege, fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT og barnevern i høve å identifisere og løyse helsemessige utfordringar knytt til elevane sin situasjon.
Teieplikt:
Helsesjukepleiar har teieplikt, og ved samhandling med andre må det føreliggje samtykke frå føresette og/eller eleven.
På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg. Helsestasjon for ungdom – HFU – er eit gratis tilbod til ungdom under 25 år som bur i Sogndal.
Det vil alltid vera helsesjukepleiar og lege tilstades, i tillegg til psykolog eller psykisk helsearbeidar.
HUSK: me har teieplikt!
Døme på emne som du kan ta opp:
Spørsmål om kroppen
Hudproblem
Problem på skulen
Du kjenner deg trist og einsam
Parforhold
Seksualitet generelt
Homofili
Rus og rusmisbruk
Røyking
Graviditet
Menstruasjonen
Slanking og etevanskar
Psykiske vanskar
Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
Reseptar og anna behandling for helseproblem
Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
Prevensjonsrettleiing og prevensjon
Testing med tanke på kjønnssjukdomar
Graviditetstest
Sogn barnevern er ei interkommunal teneste for kommunane Sogndal og Luster. Barneverntenesta skal sikre born og unge naudsynt hjelp, omsorg og tryggje oppvekstvilkår om dei lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling.
Fast kontorvaktordning, tlf. 975 06 095
Konsultasjon: Ta kontakt dersom du ynskjer å drøfte sak, eller har spørsmål.
Utekontakten jobbar førebyggande og oppsøkande med ungdom i alderen 13 til 24 år. Det er eit lågterskel tilbod som er tilgjengeleg også utanfor ordinær arbeidstid.
Me jobbar oppsøkende ute på stader der ungdom oppheld seg, er tydleg merka med klede som gjer oss enkle å identifisere.
Utekontakten er eit nyoppretta tilbod som er under utvikling i Sogndal kommune
May Britt Sva
Utekontakt
Tlf: 99 28 61 46
E-post:
may.britt.sva@sogndal.kommune.no
Gaute Sebakk Flygel
Utekontakt
Tlf: 47 67 02 96
E-post:
gaute.sebakk.flygel@sogndal.kommune.no
Familievernkontoret er åpent og tilgjengelig for alle, og du kan ringe oss for å få råd og veiledning eller timeavtale.
Lenkje til nettsida til Familievernkontoret i Sogn
Hovudoppgåva er å hjelpe barn, unge og familiar i ein krise- og akuttsituasjon, og der ein ikkje kan vente til neste virkedag med å etablere kontakt med den lokale barnevernstenesta.
Opningstid: Heile året, utanom ordinær kontortid. Ettermiddag, helg og høgtid.
Telefon: 40022988
PP tenesta kan hjelpe med:
• Lærevanskar, t.d. lese/skrivevanskar og matematikkvanskar
• Språk- og kommunikasjonsvanskar
• Vanskar knytta til merksemd og konsentrasjon
• Psykososiale vanskar
• Synsvanskar
• Høyrevanskar
• Motoriske vanskar
• Mobbeproblematikk
Kva gjer PPT?
psykologisk pedagogisk utgreiing
individuell oppfølging av barn og unge
rådgjeving til foreldre/føresette
samarbeid med barnehagar og skular
rettleiing til tilsette i barnehage og skule
hjelp til overgangar i opplæringsløpet
hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift
Kontorstad:
Familiens hus, Dalavegen 2
Telefon: 45 87 97 26
Leiar: Anne Haugen Hov
E-post: postmottak.ppt@sogndal.kommune.no
Telefon: 415 29 285
Velkommen til Ungdomskjellaren!
l er et lågterskeltilbud for ungdom, der du kan vera sosial og få ein trygg og avslappa plass å henga etter skuletid. Her kan du møta venner, bli kjend med nye folk og delta i aktivitetar som passer for alle.
Hva kan du gjera på Ungdomskjellaren?
Spel på Playstation 5 og utfordra vennene dine i favorittspela dine.
Spel bordtennis, pingpong, eller prøv deg på våre morosame brettspel.
Utforsk kreativiteten din i vårt makerspace.
Mekk og lær noko nytt i verkstaden.
Nyt ein gratis matbit, perfekt etter ein lang skuledag!
Opningstider:
Måndag: 15.00–20.30
Torsdag: 15.00–20.30
Ungdomskjellaren er eit tilbod for deg som ønsker ein inkluderande og trygg møteplass der det alltid er noko å gjera, men også rom for å berre slappa av og vera deg sjølv. Vi gler oss til å sjå deg der!
Ta med ein venn eller kom ålene – alle ungdommar mellom 13 og 19 år er velkomne!
Kontakt
Kari Hellevang
Ungdomskoordinator
Tlf. 47 76 72 00
E-post:
ungdomskoordinator@sogndal.kommune.no
Kontor: Sogndal kulturhus
Jakub Stasiak
Miljøarbeidar
Tlf. 96 72 04 74
E-post:
Jakub.stasiak@sogndal.kommune.no
Deniz Koyluoglu
Miljøarbeidar
Tlf. 45 67 20 48
E-post:
Faik.deniz.koyluoglu@sogndal.kommune.no
Ungdomsavdelinga arrangerar ulike aktivitetar og arrangement for ungdommane i Sogndal. Meir informasjon om ungdomsavdelinga finne du her
Flyktningar med opphaldsløyve får vedtak om busetjing i kommune. Flyktningtenesta sitt ansvar er å fylgje opp politiske vedtak om busetting, samt mottak av familiesameinte flyktningar. Tenesta har ansvar for buseting og etablering i kommunen, samt koordinere deltaking i introduksjonsprogram. Tenesta har og eit ansvar for integrering av dei busette flyktningane.
Kontaktinformasjon
Avdelingsleiar: Siri Irmelin Madsen
Tlf. 90 52 30 98
siri.irmelin.madsen@nav.no
Familiekoordinator: Irene Aa Jøssang
Tlf. 99 28 60 19
Irene.aa.jossang@nav.no
Kontorstad: Hovevegen 2, Kulturhuset i Sogndal
Opningstid: Kvar dag frå kl 11:30-14:00, utanom onsdag (stengd)
Sosiale tenester – NAV
Gjennom livet vil ein kunne kome i situasjonar der ein treng økonomisk hjelp og rådgjeving. Det kan vere økonomiske ytingar frå det offentlege, råd og rettleiing i vanskelege økonomiske tider, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter.
Økonomisk rådgjeving
NAV-kontoret kan gi råd og rettleiing til personar med økonomiske vanskar og gjeldsproblem.
Økonomisk stønad/hjelp
Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller som i særskilte tilfelle treng hjelp til å tilpasse seg eller overvinne ein vanskeleg livssituasjon, kan søkje om økonomisk sosialhjelp.
Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.
Søknadsskjema og eventuell hjelp til utfylling kan du få ved å kontakta NAV-kontoret. For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som muleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden
Kontaktinformasjon
Opningstid: 09.00-15.00
– Stengt torsdag
Telefon: 55 55 33 33
Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod på førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.
Fysioterapeuten gjer ei vurdering/undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.
Fysioterapi kan føregå ute i skule, barnehage, institusjon eller heime dersom ein av ulike årsaker har vanskar med å oppsøka fysioterapeut.
Ergoterapeutar arbeider med alle aldersgrupper for å fremje helse, førebygge sjukdom og bidra til at menneske får moglegheit til å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Kjernen i ergoterapi er kvardagslege aktivitetar i skule, arbeid, fritid og eigenomsorg.
Kven kan få tilbodet? Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag.
Ergoterapeutane bistår med:
Kontaktinformasjon og meir informasjon om ergoterapitenesta finne du her
Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune.
Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing, kurs og gruppebaserte tilbod innafor:
Sogndal:
Synne Aafedt Liljedahl
Koordinator og helserådgjevar
Tlf: 95893641
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).
Lenkje til nettside frisklivssentralen
Tenesta har både lågterskeltilbod og meir langvarige og omfattande tenester etter søknad.
Tenesta er gratis og det er ingen søknadsfrist. Ta kontakt når behovet er tilstades. Du treng ikkje henvisning frå lege for å få hjelp. Om ønskeleg kan legetenesta hjelpe til med å formidle kontakt.
Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk og psykiske vanskar.
Psykisk helse- og rustenesta tilbyr blant anna
Dersom det er akutt behov for hjelp tek ein kontakt med legevakt eller eventuelt politi.
Bu og miljøtenesta har ansvar for tenester til menneske med ulike typar nedsatt funksjonsevne. Tenesta omfattar personeleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagte bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.
Lenkje til Bu og miljøtenesta i Sogndal kommune
Sogndal kommune skal ha eit lågterskeltilbod til kreftråka og deira pårørande. Kreftpasientar skal få god støtte frå kommunen.
Viss du opplever kreftsjukdom og treng bistand til noko eller berre ynskjer å ha nokon å snakke med, kan du ta kontakt med kreftkoordinator på tlf 99 28 62 29.
Tildelingskontoret søknader om
Kontoret handsamar saker etter rutine for sakshandsaming. Det vil seia mottak av søknad, kartlegging, vurderingsbesøk og å fatta vedtak i tråd med lovverket.
Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.
Koordinator kan ein ha rett på dersom ein treng koordinerte tenester over lang tid.
Individuell plan er eit reiskap til samarbeid mellom brukar og tenestene og bidreg til at alle jobbar etter dei same måla.
Lenkje til nettside koordinerande eining
Gratis utleige av diverse fritidsutstyr for alle aldra:
SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. I utstyrssentralen er det gratis utleige av fritidsutstyr og utstyr til forskjellige idrettar og aktivitetar for barn og ungdom.
Verktøyet du finn her består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.
Bustadkontoret i Sogndal handsamar søknad om kommunale bustader, bustøtte, startlån/ tilskot og gir rådgjeving ved behov.
Musikkbingen er eit kommunal-eigd øvingslokale for band eller andre som treng ein stad å spela.
Balestrand musikkbinge
Musikkbingen i Balestrand er plassert ved Sagatun skule.
Dei som ynskjer å bruka musikkbingen, avtaler tid og hentar nøkkel på Joker i Balestrand.
Tilbodet er gratis.
Leikanger musikkbinge
Musikkbingen er plassert på kaien bak gamle bankbygningen på Hermansverk.
Dei som ynskjer å bruka musikkbingen, bookar tid på førehand på nett via denne lenka: https://lmb.onlinebooq.net/
Nøkkel må hentast og kvitterast ut på Essoen (Hermansverk Servicesenter)
Tilbodet er gratis.
Kontakt
Kari Rannveig Hellevang.
Tlf: 47 76 72 00
E-post: kari.hellevang@sogndal.kommune.no
https://www.sogndal.kommune.no/musikkbinge.510635.nn.html
Sogndal kommune har ei transportordning for ungdom som bur i Sogndal kommune.
LTU – Lokaltransport for ungdom skal gje ungdom mellom 13 og 19 år høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement. Er nokon i reisefølgje over 19 år, må desse betale full pris. Sogndal ungdomsråd har saman med Sogndal kommune fått midlar frå Vestland fylkeskommune til ordninga. Ordninga er ope så lenge det er midlar tilgjengeleg. For oppdatert informasjon følg med på Sogndal kommune si nettside under «Oppvekst og utdanning» – «Ungdom».
Viktig informasjon
Eigenandel er 50 kroner per person kvar veg
Tilbodet gjeld for ungdom 13–19 år
Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ein nytte dette
Arrangement eller aktivitet skal vere rusfritt
Minimum tal passasjerar er 2 stk.
Gjeld alle dagar i veka
Tilbodet kan nyttast i Sogndal kommune og reiser til/frå nabokommunar
Korleis fungerer det?
Ring den sentralen som er nærast deg
Sei at du vil nytte transport for ungdom-ordninga
Gje namn, alder, tal passasjerar, adresse og reiserute
Betal eigenandel på 50 kroner per person for reisa
Kontaktinformasjon taxi
Sogndal Taxisentral
Tlf.: 57671000
Leikanger Taxisentral
Tlf.: 57653123
Balestrand Taxi
Tlf.: 95956113
For spørsmål ta kontakt med Jarle Teo Andersen, rådgivar oppvekst og sekretær for ungdomsrådet i Sogndal kommune.
E-post: jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no
Hildegunn Hodneland og Gøril Hillersøy er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Mobbeombodet jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ønskjer det.
Søk om redusert foreldrebetaling for SFO via Visma føresettportalen
Søknad må sendast kvart år. Søk innan 15. juni for å få redusert foreldrebetaling med på første faktura komande skuleår.
Nasjonalt er det fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:
Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1.-4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5.-7. trinn
12 timar gratis SFO for elevar på 1.- 3. trinn
Viser elles til vedtektene for SFO, § 8. Foreldrebetaling.Redusert foreldrebetaling SFO
Kva gjer barnevernet?
Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe barn/ungdom og deira foreldre. Målet er at barn og unge skal få omsorg, tryggleik og høve til ei god utvikling.
Barnevernstenesta gjer i all hovudsak ei undersøking/kartlegging av barnet og foreldra sine behov for hjelp. Nokre av tiltaka som barnevernstenesta tilbyr er råd og rettleiing, sikrar samordning av rette tenester til barn og foreldre, besøksheim, aktivitetskontakt mm. At barn ikkje kan bu heime med sine foreldre er alltid siste utveg, etter at det som regel er prøvd fleire tiltak.
Det er omsynet til kva som er best for barnet som avgjer kva hjelp og støtte familiane får.
Kontakt
Besøksadresse: Dalavegen 2
Postadresse: Postboks 153, 6851 Sogndal
Kontoret er ope frå kl. 08.00 – 15.30.
Vakttelefon på dagtid: tlf. 97 50 60 95.
Ved akutte hendingar utanom kontortid: tlf. 40 02 29 88 eller Alarmtelefon for unge 116 111 (døgnopen)
Kommunepsykolog oppvekst arbeider for god psykisk helse hos barn og unge og har eit nært samarbeid med andre yrkesgrupper som arbeider med gravide, barn, ungdom og deira familiar. Kommunepsykolog jobbar etter felles samhandlingsmodell – BTI.
Kven kan få hjelp av kommunepsykolog?
Ved tidleg innsats kan ein førebyggje at psykiske plagar veks seg store. Kommunepsykologen tilbyr ei gratis lågterskelteneste for barn og ungdom i alderen 0-18 år i Sogndal kommune. Dersom du som forelder er bekymra for ditt barn si psykiske helse, utvikling, trivsel og åtferd, eller du som ungdom opplever eit psykisk strev eller treng nokon å snakke med kan kommunepsykologen bidra med hjelp og oppfølging.
Korleis komme i kontakt med kommunepsykolog?
Kommunepsykolog oppvekst er tilknytt helsestasjonen og har tett samarbeid og dialog med helsesjukepleiarar. Foreldre, barn og ungdom kan ta kontakt med helsestasjonen eller helsesjukepleiar på skulen for å komme i kontakt med kommunepsykolog.
Mål med prosjektet
Å utvikle eit heilskapleg og systematisk løp for livsmeistring frå barnehage og ut grunnskulen.
Gje ungane like moglegheiter til å utvikle ei robust psykisk helse uavhengig av kva barnehage/skule dei går på eller kva lærar dei har.
Etablere eit systematisk foreldresamarbeid i barnehage og skule som gir eit fleksibelt og opent samarbeidsklima både mellom føresette og mellom barnehage/skule og heimen
Styrke foreldrekompetansen slik at føresette vert tryggare i rolla si.
Bidra til eit inkluderande og støttande klassemiljø som styrkar den einskilde elev og opplevinga av å høyre til i eit fellesskap
Helsestasjon for ungdom og unge vaksne er eit gratis tilbod til aldersgruppa 13-25 år i Sogndal kommune.
Kva kan du få hjelp med på helsestasjon for ungdom og unge vaksne (HFU):
Rettleiing om seksuell helse
Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
P-stav , innsetjing og fjerning
Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
Samtalar om psykisk helse
Samtalar om det ungdom ynskjer å snakka om
Kontakt
Opningstid Sogndal:
Tysdagar:
Drop-in: 14:00-17:15
Sjølvtesting: 08:00-17:15
Du finn oss: Helsestasjonen i 2. etasje på Sogndal helse- og omsorgssenter
Opningstid Balestrand:
Tysdagar:
Etter avtale med helsesjukepleiar
Du finn oss på helsestasjonen i Balestrand
HFU i Balestrand er midlertidig stengt grunna sjukefråvær
Sogndal kommune sin «Fritidskasse» har som formål å leggje til rette for at fleire barn og unge kan delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Lag og organisasjonar kan søkje på vegner av barn og ungdom som har vanskar med å dekke utgiftene som krevst for å delta. Fritidskassen kan dekke deltakaravgift, utstyr, avgift til turneringar/cup/leir eller reise- og opphaldsutgifter i samband med dette.
Ordninga er støtta av Bufdirs tilskotsordning «Inkludering av barn og unge» og er ei prøveordning i kommunen med avgrensa midlar ut 2024.
Det er idrettslag og frivillige organisasjonar som kan søke på vegner av familiar/barn og unge. Midlane blir utbetalt til idrettslag/frivillig organisasjon, ikkje direkte til familiar/barn og unge.
Til idrettslag/frivillige organisasjonar
Det er anbefalt at idrettslag/frivillig organisasjon utnemner ein fast kontaktperson som søker på vegner av brukarar i sitt idrettslag/frivillig organisasjon.
Informer trenere/instruktørar/leiarar og frivillige om ordninga.
Informer medlemmane om ordninga.
Om de blir kontakta av familiar eller barn og unge som har økonomiske utfordringar, men ynskjer å delta i fritidsaktivitet, informer om ordninga og søk på vegner av dei.
Hugs å gå gjennom retningslinjer og kriteria for støtte. Det er særleg viktig at ordninga ikkje vert opplevd stigmatiserande for brukar og at teieplikta blir oppretthalden.
Kontakt
Jarle Teo Andersen
Rådgivar oppvekst i Sogndal kommune
E-post: jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no
Har du lyst å være med på idrett eller annen fritidsaktivitet?
Det er mye å velge i og det kan virke vanskelig å finne ut av hva som finnes og hvordan ting fungerer.
Hva er en aktivitetsguide?
Vi vil hjelpe deg med å finne ut av hvilke aktiviteter som finnes i Sogndal kommune, og hvor og når disse foregår. Vi vil også hjelpe deg med å skaffe utstyr, innmelding i idretten, betaling av treningsavgift og svare på spørsmål du skulle lure på.
For mer informasjon eller spørsmål, ta kontakt med oss på:
Facebook: Aktivitetsguiden Sogndal
Hedda – +47 46473049
Ole Andre – +47 919 98 082
Mailadresse – aktivitetsguide@sogndalidrettslag.no