-

Du har oppdaga aktiv mobbing eller krenking i barnehagen

Steg 1

Du grip inn!

Alle tilsette i barnehagen har ansvar for å gripe inn når dei ser eller får beskjed om at det skjer åtferd som kan vere krenkande. Det skal handterast her og no av den som observerer/får beskjed. Ha fokus på å stoppe åtferda og formidle alternative handlingsstrategiar.

NB! Sikre at barnet er trygt og ikkje blir utsett for nye krenkingar medan du varslar pedleiar og styrar.

Steg 2

Du varslar pedagogisk leiar og styrar

Du skal varsle snarast. Saman legg de plan for strakstiltak for å sikre trygt og godt barnehagemiljø i påvente av vidare utgreiing. Dette inkluderer samtale med dei involverte barna, med mål om å starte prosessen med å gjenopprette tillit/at den vaksne passer på.

Steg 3

Samtale med alle involverte barn og deira føresette

Barnehagen skal utføre samtale med både involverte barn og deira føresette. Fokus på at det er situasjonar/kultur som mogleggjer krenking, ikkje eigenskapar ved barnet. De må her sørgje for samtykke frå føresette for å opprette stafettlogg.

Steg 4

Opprett stafettlogg på alle involverte barn

Bruk stafettloggen til å dokumentere alle møte med foreldre.

Steg 5

Start undersøking

Kartlegg barna i ulike samspelssituasjonar. Fleire vaksne bør gjere observasjonar. Observasjon av barnet sin kontekst skal inkluderast. Få fram barnet si stemme.

Steg 6

Har barnet det trygt og godt?

Gjennomfør ei evaluering i samarbeid med føresette.

Mål: Felles oppfatting av om barnet har det trygt og godt. Kva er deira oppleving av situasjonen? Kva tenker dei om funn/resultat?Skriftleggjer vurderinga og konklusjonen.