-

Du har vurdert at dette er ei særskilt alvorleg sak

Steg 1

Varsle barnehage-eigar for hjelp og rådføring

Steg 2

Lag aktivitetsplan saman med føresette

Bruk stafettloggen som allereie er oppretta på barnet. Barnehagen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak.

I planen skal det stå:

1) Kva problem tiltaka skal løyse.

2) Kva tiltak barnehagen har planlagt.

3) Når tiltaka skal gjennomførast

4) Kven som skal gjennomføre tiltaka

5) Når tiltaka skal evaluerast.

Steg 3

Iverkset tiltak

Steg 4

Har barnet det trygt og godt?

Gjennomfør ei evaluering i samarbeid med føresette.

Mål: Felles oppfatting av om barnet har det trygt og godt. Kva er deira oppleving av situasjonen? Kva tenker dei om funn/resultat?Skriftleggjer vurderinga og konklusjonen.