-

Situasjonen du har avdekka er ikkje ein aktiv situasjon

Steg 1

Du varslar pedagogisk leiar og styrar

Du skal varsle snarast. Saman legg de plan for strakstiltak for å sikre trygt og godt barnehagemiljø i påvente av vidare utgreiing. Dette inkluderer samtale med dei involverte barna, med mål om å starte prosessen med å gjenopprette tillit/at den vaksne passer på.

Steg 2

Samtale med føresette til involverte barn

Barnehagen skal utføre samtale med både involverte barn og deira føresette. Fokus på at det er situasjonar/kultur som mogleggjer krenking, ikkje eigenskapar ved barnet. De må her sørgje for samtykke frå føresette for å opprette stafettlogg.

Steg 3 Start undersøkinga

Steg 4

Opprett tiltaksplan/ aktivitetsplan

Tiltaksplan/ aktivitetsplan Visma Flyt Samspill barnehage https://www.individplan.no/samspill/nb/login

Steg 5

Har barnet det trygt og godt?

Gjennomfør ei evaluering i samarbeid med føresette.

Mål: Felles oppfatting av om barnet har det trygt og godt. Kva er deira oppleving av situasjonen? Kva tenker dei om funn/resultat?Skriftleggjer vurderinga og konklusjonen.