
Du observerer, eller får meldt inn, omstende som du antek kan vera krenking eller mobbing.
Kva skal du gjere?
Situasjonen er her meir alvorleg enn i det daglege arbeidet der du hjelper born i den sosiale utviklinga.
Du er no på nivå 2 i handlingsplanen og det er grunn til å tru at systematisk krenking føregår eller er i ferd med å etablere seg.
Sjå s. 6 i handlingsplan for definisjon på mobbing/krenking, eller sjå denne videoen frå læringsmiljøsenteret. Alle barnehagane har jobba med handlingsplanen.
Det aller første du skal gjere er å svare på fyljande spørsmål:
Føregår krenkinga eller mobbinga akkurat no?